Saman gjer vi Nordfjord suprare.
Leitar du etter jobb eller læreplass, eller lurer du på kva du kan bli? Treng bedrifta di fleire folk?
Vi kjenner både bedriftene og folka, og moglegheitene i Nordfjord er fleire enn du trur.
Enjoy Smooth Nordfjord Living.
Nord + Fjord
Finn ledige stillingar, les historier frå dei som bur her og meld deg inn i nettverket Nord + Fjord.
nordplussfjord.no ↗
Sommarjobb i Nordfjord
Registrer deg for sommaren 2027, så hjelper vi deg å finne sommarjobb. Bedrifter finn sommarhjelp i kandidatlista.
sommarjobb.no ↗
Jakta på Superkreftene
Alle born har ei superkraft. Saman med barnehagar, skular og bedrifter hjelper vi dei å oppdage kva dei er gode på.
Ny side kjem snart Spør Birgit ↓Få den beste starten
på yrkeslivet!
Som superlærling får du læreplass hos ei av superbedriftene i Nordfjord, tett oppfølging gjennom heile læretida og eit fellesskap med andre lærlingar, både på jobb og på fritida.
Du søkjer læreplass på fagbrev.io. Fristen er 1. mars, og vi hjelper deg gjerne med søknaden.
Følg oss på Instagram ↗ og Facebook ↗
Er du vaksen og vil ta fagbrev, eller vil bedrifta di bli lærebedrift? Send ein e-post til Kristin →
Dette skjer framover.
- 4feb
Instruktørkurs – Superinstruktør 1.0
Ein kursdag for deg som er ny som instruktør, om å følgje opp lærlingar: motivasjon, rettleiing, vurdering og kommunikasjon.
Meld deg på ↗ Frist 28. januar 2027Meir om arrangementet
Vi har gleda av å invitere til nytt superinstruktørkurs. Kurset passar for deg som er ny som instruktør eller tidlegare ikkje har tatt dette kurset gjennom Nordfjordkompaniet. Kurset vil gje deg ei betre forståing av det å følgje opp lærlingar og forhåpentleg kan vi gje deg nye verktøy som du kan nytte i oppfølginga og rettleiinga av superlærlingar. Du vil lære meir om mellom anna motivasjon, rettleiing, vurdering og kommunikasjon.
Du kan parkere ved Operahuset eller Idrettshuset.
Praktisk informasjon blir sendt ut på SMS ca 1 veke før kurset. Det blir servert lunsj.
Meld deg på med knappen på sida.
Påmeldingsfrist 28. januar 2027. Det er 30 plassar på kurset.
- Stad
- Gymmen Scene & Studio, Sophus Lie-vegen 1, Nordfjordeid
- Pris
- Gratis
- Plassar
- 30
- Arrangør
- Nordfjordkompaniet
- 5feb
Kurs i klinisk observasjon for 1. års helsefaglærlingar
Kursdag med teori, VR-briller og praktiske øvingar for 1. års helsefaglærlingar.
Påmelding kjem. Spør oss om du vil vere med.
Meir om arrangementet
Velkomen til kurs i Klinisk observasjon for helsefaglærlingar (1.årslærlingar) fredag 5. februar 2027. Vi vil jobbe med teori, VR-briller og praktiske øvingar. Gje beskjed til din næraste leiar snarast om du vil bli med på kurset. Legg gjerne inn søknad om utdanningspermisjon i Lifecare 😊
Det blir servert lunsj.
Meir info kjem.
- Stad
- Stryn vidaregåande skule, Stryn, Hegrevegen 1, 6783 Stryn
- Pris
- Gratis
- Arrangør
- Nordfjordkompaniet
- 19feb
Eksamensførebuande kurs for helsefagarbeidarar (HEA3103) februar 2027
Fire timar som førebur deg på privatisteksamen i helsefag (HEA3103), med gjennomgang av tidlegare oppgåver.
Påmelding kjem. Spør oss om du vil vere med.
Meir om arrangementet
Eksamensførebuande kurs for helsefagarbeidarar (HEA3103)
Kurset som hjelper deg med svar og kunnskap om privatisteksamen innan helsefag
Kurset er på fire timar og gir deg hjelp og informasjon om privatisteksamen i helsefag med kurskode HEA3103. På kurset går vi gjennom tidlegare eksamensoppgåver, og reflekterer mellom anna i grupper over korleis ein kan svare på dei ulike casane. Vi går gjennom krava til eit svar, og viser døme på ulike svar. Etter kurset kan kandidatane jobbe sjølve med tidlegare eksamensoppgåver og få rettleiing/tilbakemelding på desse.
Innhaldet i kurset
Informasjon om eksamen
Gruppearbeid og refleksjonar
Gjennomgang av tidlegare eksamensoppgåver
Krav til svaret
Døme på oppgåver og diskusjon
Øving
Staden kjem seinare.
Det blir servert lunsj.
Set av datoen. Info om påmelding kjem
- Pris
- Gratis
- Arrangør
- Nordfjordkompaniet
- 12mar
Kurs i klinisk observasjon for vaksne helsefaglærlingar
Kursdag med teori, VR-briller og praktiske øvingar for vaksne helsefaglærlingar.
Påmelding kjem. Spør oss om du vil vere med.
Meir om arrangementet
Velkomne til kurs i Klinisk observasjon for helsefaglærlingar (vaksenlærlingar) fredag 12. mars 2027. Vi vil jobbe med teori, VR-briller og praktiske øvingar. Gje beskjed til din næraste leiar snarast om du vil bli med på kurset. Legg gjerne inn søknad om utdanningspermisjon i Lifecare 😊
Praktisk informasjon blir sendt ut på SMS ca 1 veke før kurset. Det blir servert lunsj.
Info kjem.
- Stad
- Stryn vidaregåande skule, Stryn, Hegrevegen 1, 6783 Stryn
- Pris
- Gratis
- Arrangør
- Nordfjordkompaniet
- 9apr
Invitasjon til fagbrevutdeling
Vi inviterer deg som tek fagbrev i 2026 til fagbrevutdeling 9. april 2027.
Påmelding kjem. Spør oss om du vil vere med.
Meir om arrangementet
Kjære fagarbeidar og tidlegare superlærling!
Vi inviterer deg som tek fagbrev i 2026 til fagbrevutdeling 9. april 2027.
Set av datoen. Meir info kjem 🙂
- Stad
- Sagastad, Sjøgata 41, 6770 Nordfjordeid
- Pris
- Gratis
- 3–4jun
Overnattingstur til Hoddevik for 1. årslærlingane
Surfetur med overnatting i Hoddevik for alle 1. års lærlingar, 3. og 4. juni 2027.
Påmelding kjem. Spør oss om du vil vere med.
Meir om arrangementet
VELKOMEN TIL OVERNATTINGSTUR FOR 1. ÅRSLÆRLINGANE
Torsdag 3. og fredag 4. juni 2027 vert det surfetur med overnatting til vakre Hoddevika i Stad for alle 1. års-lærlingane! På turen vert det også tid til tur og sightseeing, god mat og kjekke stunder rundt bålet. Alle får surfekurs av dyktige instruktørar.
Det kan bli overnatting både innandørs og i lavvo.
Samlinga har oppmøteplikt for 1. års ungdomslærlingar. Hugs å gje beskjed til arbeidsgjevar i god tid.
Oppmøte kl. 11 i Hoddevika torsdag 3. juni 2027.
Hald av datoen og informer bedrifta di i første omgang. Registreringsskjema blir tilgjengeleg våren 2027.
- Stad
- Stad Surfing, Hoddevik, Hoddevik, 6750 Stadlandet
- Pris
- Gratis
- Oppmøteplikt
- Ja
- Arrangør
- Nordfjordkompaniet
Kanskje finn du din neste arbeidsgivar her.
146 bedrifter har sagt ja til å satse på folk som vil leve, jobbe og blomstre i Nordfjord.
Vil bedrifta di bli superbedrift? Skriv til hei [at] nordfjordkompaniet.no.
Hels på supergjengen.
Bak Nordfjordkompaniet står ein gjeng som brenn for folka og bedriftene i Nordfjord. Vi er ein medlemsorganisasjon som jobbar med rekruttering, lærlingar, kompetanse og tilflytting, saman med næringslivet og det offentlege.
-
Kristin Tjugen Læreplass og fagbrev
kristin [at] nordfjordkompaniet.no Send e-post 900 50 092 -
Anders Lødemel Jobb og tilflytting
anders [at] nordfjordkompaniet.no Send e-post 975 30 535 -
Birgit Nedreberg Jakta på Superkreftene
birgit [at] nordfjordkompaniet.no Send e-post 959 26 447 -
Tom-Øyvind Solheim Supersjef
supersjef [at] nordfjordkompaniet.no Send e-post 906 28 383
Lurer du på noko anna? Skriv til hei [at] nordfjordkompaniet.no.
Kom gjerne innom kontoret vårt! Vi held til på Stryn vidaregåande skule.Adresse: Hegrevegen 1, 6783 Stryn. Post: PB 158, 6781 Stryn. Org.nr. 916 584 156.







