Vindux

Bli med på Vindux-revolusjonen: Eit Vindaugseventyr i Stryn

Vindux er ein visjon, ei moglegheit og ei berekraftig løysing for framtidas huseigarar. Starta av brørne Tarjei og Rasmus Endre Bø frå Stryn, med ein dedikert og erfaren dagleg leiar Raoul Augustsson, står Vindux klar til å revolusjonere vindaugsindustrien i Noreg. Men kvifor vindauge, og kvifor no?

Samfunnet står ovanfor enorme klimautfordringar, og energieffektivisering av bustadar er eit kritisk skritt for å nå våre klimamål. Vindauge spelar ei stor rolle her. Bytte av vindauge kan raskt og effektivt redusere varmetap og energibruk i heimane våre. Vindux gjer dette enkelt ved å digitalisere store delar av kundereisa.

«Med Vindux kan du bytte vindauge utan å forlate sofakroken,» seier Tarjei Bø. «Vi fyller eit tomrom i marknaden ved å tilby ei bekvem, digitalisert løysing for vindaugsbytte.»

Starten på framtida

Kjernen i Vindux-teamet er brørne Tarjei og Rasmus, med støtte frå ei gruppe trivelege og kompetente svenskar med bransjekunnskap og erfaring innan forretningsutvikling på den skandinaviske marknaden.

«Raoul Augustsson, vår daglege leiar, bringer med seg omfattande erfaring frå vindaugsbransjen i Sverige. Saman skaper vi ein nasjonal aktør for vindaugsbytte med base i vakre Stryn,» seier Rasmus Endre Bø.

Vindauga blir leverte av Nordan, ein av Noregs leiande produsentar av vindauge med nesten hundre års erfaring. Samarbeidet vil sikre at  kundar får topp kvalitet, skreddarsydd for norske forhold. Berekraft og arbeidet med å nå klimamåla er essensielt for samfunnet i dag. Vindux vil gjere sitt bidrag i kampen ved å informere om dei positive effektane av vindaugsbytte, både i form av redusert energibruk og auka bokomfort.

«Våre prosjekt gir betydelige positive effektar på berekraftsområdet, noko våre tilsette også vil setje stor pris på,» seier Augustsson.

Satsar på Nordfjord!

«Vi vurderte å etablere oss i dei store byane, men med vårt digitale konsept kan vi operere nasjonalt frå Stryn. Våre kundar møter oss via digitale videomøter, medan kvalitetssikra snekkarteam står for sjølve installasjonen,» forklarer Rasmus Endre Bø. «Stryn gir oss fleksibilitet og nærleik til naturen, noko som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.»

Dei første tilsette i Vindux vil vere med på ei spennande reise frå starten av. Innan kort tid er målet å ha eit blomstrande hovudkontor i Stryn, eit godt arbeidsmiljø og ein fleksibel kvardag for tilsette som vil prioritere ein tur i naturen eller tid med familien. Kanskje har dei om nokon år også tatt konseptet vidare til våre naboland?

«Våre tilsette skal kunne nyte fjellturar når sola skin, vere med familien når det må til og jobbe i eit selskap som set pris på heile mennesket» seier Tarjei Bø.

Jaktar etter kollega!

No ser dei etter personar med driv, som ønskjer å vere med på å bygge opp eit nytt konsept. Personar med glimt i auga som bidreg til gode relasjonar internt og med kundar og samarbeidspartnarar.

  «Vi treng å fylle mange funksjonar i firmaet, og ønskjer å snakke med alle som synest dette høyrest spennande ut,» seier Augustsson.

Om dette er slutten på skiskytterkarrieren til Tarjei?

«Tarjei ser for seg å jobbe med Vindux som ein pensjonistjobb, og det seier mykje om kor sterkt vi trur på dette prosjektet. Vindux er ikkje berre eit selskap, det er ein livsstil, ei moglegheit til å gjere ein forskjell og ein sjanse til å vere med på noko stort. Vi inviterer deg til å bli med på denne spennande reisa,» avsluttar Rasmus Endre Bø med eit glimt i auget.

Velkomen til Vindux, der framtida ser lys ut – gjennom nye vindauge!

*****

Søk jobb hos Vindux i dag og bli med på starten av eventyret 👉👉 https://www.nordfjordkompaniet.no/superjobb/jobb-i-nordfjord/ 🤩👏🏻

Webdesign av Frequency.no