Topp tre for frustrerte foreldre

1. Lytt
Lytt til ungdommen på deira premissar. Snakk med dei når dei er der mentalt, ikkje berre når du er der.

2. Hjelp
Hjelp ungdommen å finne si superkraft, og hjelp dei med å bli klar over sine sterke sider, talent og interesser og å avdekkje kva dei er gode på.

3. Støtt
Ver støttande i vala dei tek, uansett kva det er. Ver heller med i ein god prat om valet der du sikrar at valet er gjennomtenkt.

Ta eit superval i Nordfjord!

Utdanningstilbodet er stadig i endring, og det dukkar opp nye retningar, nye tilbod og nye namn. At ungdommen er forvirra, usikker og overvelda, redd for å velje feil? Heilt naturleg. At de foreldre er forvirra? Også heilt naturleg. For kva er eigentleg det viktigaste å tenkje på når det gjeld utdanningsval?

Vi har teke ein prat med to av superrådgivarane i Nordfjordkompaniet, Kjetil Svarstad og Leiv Johnny Endal. Ein samtale alle tiandeklassingar og foreldra deira truleg kan dra nytte av!

Den første livskrisa?
Det er ikkje til å komme forbi at moglegheitene kan kjennast uendelege. Kva vil du? Kvar vil du? Kva skal vennene dine? Skal du ”følgje på” eller velje din eigen veg? Det er mange tankar som melder seg hos ungdommen. Ein kropp i endring, meiningar som endrar seg ”kvart minutt”, drama i vennegjengen, den første kjærleikssorga, hormona. Alt dette i tillegg til det som kan kjennast ut som eit av dei første store vala i livet. Totalpakken kan vere altoppslukande, og følelsen av at dette er den første livskrisa, er ikkje uvanleg.

Det er viktig at foreldra lèt ungdommen kjenne på dette og godtek at for dei er dette eit reelt problem som ikkje berre kan feiast under teppet. Foreldra må ta det på alvor, ikkje snakke det vekk som om det var ingenting, seier superrådgivarane.

Stol på magekjensla
– Kva skal ein eigentleg følgje når det gjeld studieval – magekjensla, hjartet, hovudet? Magekjensla, hjartet, eller begge to, seier Leiv Johnny og Kjetil. Magekjensla er ein indikasjon på at det er rett for deg, så våg å kjenne på den.

Våg å stole på magekjensla, saman med hjartet, nok til å ta dei vala som gagnar deg best. Om det skulle vere å satse på musikklinja på Sandane eller gå saman med kompisane på maritim i Måløy, så gjer det. ”Du kan bli akkurat det du vil”, er det mange som får høyre, og vi veit det ofte kan gjere valet vanskelegare. Moglegheitene kjennest tallause, og presset til å velje rett desto større. Fokuser på kva som er rett for deg, kva akkurat du har lyst til. Berre hugs at kombinasjonen av skuletilbod og næringsliv i Nordfjord er så å seie ein uslåeleg duo, poengterer superrådgivarane.

Ungdommane som veks opp i Nordfjord, er rett og slett utruleg heldige, seier Kjetil.

Rom for prøving og feiling
Som forelder er det verdifullt å sjå tilbake på eigne val og erfaringar. Kvar står du i dag, og kva rolle spelte valet om vidaregåande utdanning for å kome dit? Gjekk du den såkalla rette linja? Blei du elektrikar, sjømann, kokk eller musikar?

Poenget er at valet tiandeklassingane står framfor no, ofte kjennest stort og avgjerande for dei, sjølv om det ikkje nødvendigvis er slik i lengda. Om dei vel dans, studiespesialiserande, helse eller service, har det i det store biletet ikkje så mykje å seie for moglegheitene deira vidare. Skulle dei oppdage at dei har valt feil og må starte på nytt, så støtt dei i det valet og møt dei med forståing.

Gje dei rom til å prøve og feile, kjenne på meistring og vekse som menneske. Gjennom slike erfaringar blir dei betre kjende med eigne styrker og kan byrje å utvikle dei. Uansett kva veg dei vel, vil dei på denne måten kome eit steg nærare det som til slutt vil vere rett for dei.

Av val kjem alltid lærdom

Bodskapen frå Leiv Johnny og Kjetil er klar og tydeleg. Det er umogleg å velje feil.

Av val kjem alltid lærdom, sjølv om det til tider kan kjennast skummelt, stressande og uoverkommeleg. Om du føler at du har valt feil og vil starte på nytt året etter, kva har det å bety i den store samanhengen? Eit ekstra år på skulebenken? Eit ekstra år med lærdom? Kva er feil i det? Uansett kva du vel, og korleis valet utspeler seg, vil du alltid bli ei erfaring rikare, påpeiker superrådgivarane.

Vegen blir til mens du går
Åra på ungdomsskulen kan vere tunge, og motivasjonen for å gjere noko vidare kan vere laber. Sjølv visste ikkje Leiv Johnny kva linje han skulle velje før kvelden før fristen. Den dåverande rektoren tipsa han om at elektro var framtida. Leiv Johnny lytta til tipset og søkte seg inn på elektrolinja. Lite visste han då at han sjølv skulle jobbe som lærar på same linja og seinare ha Kjetil som elev.

Trass i to svært ulike vegar tok dei på eit tidspunkt same avkøyringa og utdanna seg til lærarar. Kven hadde trudd at det å gå elektrolinja skulle føre til utdanning innan læraryrket, og at dei seinare skulle ende opp med jobb som superrådgivarar i Nordfjordkompaniet? Ikkje Leiv Johnny og Kjetil, i alle fall. Det seiest at vegen blir til medan du går, og det er Leiv Johnny og Kjetil særs gode døme på.

Topp tre for frustrerte foreldre
Som forelder ønskjer ein alltid det beste for ungdommane sine, og det kan vere fortvilande å sjå dei uengasjerte eller umotiverte. Det er ikkje alltid lett å vite kvar ein skal begynne eller kva som er den rette måten å motivere dei på. Leiv Johnny og Kjetil understrekar at foreldre ikkje må nøle med å søkje råd på vegner av ungdommen sin.

Det kan vere freistande å seie: ”Viss eg var deg, ville eg …” og gje råd basert på eigne erfaringar og intensjonar, seier dei. Men dette kan ofte føre til det motsette av det ein ønskjer, ved å skape avstand og skyve ungdommen lenger vekk.

Difor er det viktig å bruke påverknadskrafta di klokt. Sjå ungdommen for den dei er, og ta omsyn til kva dei sjølve ønskjer og drøymer om. Superrådgivarane har delt tre gode tips til frustrerte foreldre – råd som kan gjere det litt enklare å starte
den viktige samtalen om studieval og framtida.

Til tiandeklassingen
Valet du står overfor no, kan kjennast stort og usikkert, det veit vi. Vit at du aldri står åleine, sjølv om det kan kjennast sånn nokre gonger. Det er lov å spørje om hjelp, spørje om råd og rettleiing. ”Lytt til erfarne fjellfolk”, våg å gjere det som kjennest rett for deg, og ha det kjekt på vegen. Ver heller ikkje redd for å ta nokre u-svingar på vegen, du kjem deg alltids fram til slutt. Dessutan er Nordfjordkompaniet berre ein samtale unna, og superrådgivarane slår gjerne av ein prat eller to dersom du ønskjer det.