Oppstartssamling: Kompani Nordfjord
12.-13. september blir det obligatorisk oppstartssamling for alle nye superlærlingar!
Supersamling rundt om i Nordfjord
Gjennom heile året vil det bli arrangert supersamlingar med ulike sosiale aktivitetar på ettermiddag/kveldstid. Desse samlingane vert gjennomført over heile Nordfjord, i nærmiljøa der lærlingane bur og jobbar. Samlingane er ikkje obligatoriske, men viktige sosiale treffpunkt gjennom læretida. Invitasjon til samlingane kjem frå vår superfritidssjef Hilde-Kristin.
Vårt opplæringsverktøy
Som superlærling nyttar du vårt nye opplæringssystem fagbrev.io i læretida di. Alle nye lærlingar får tilgang til systemet både via nettside og egen app.
Oppstartssamtale aug/sept
I løpet av august eller starten av september vil vi ha den fyrste oppfølgingssamtalen med deg. I denne samtalen blir vi betre kjent, lærer deg fagbrev.io og planlegg saman med deg og instruktøren din læretida framover.
Ny oppfølgingssamtale sept/okt
3 veker etter fyrste oppstartssamtale vil vi komme på nytt besøk i bedrifta di, og følgje opp at alt går fint med deg.
Korleis føljer vi deg opp i læretida?
Det å gå frå elev til lærling er eit stort steg. Endeleg skal du ut i arbeidslivet etter mange år på skulebenken. Sannsynlegvis kjenner du både på spenning og uvisse no når du skal bli lærling. Vår viktigaste jobb er at du skal oppleve læretida som trygg, lærerik, innholdsrik og sjå tilbake på denne som noko veldig kjekt. Som superlærling skal du få super oppfølging igjennom heile læretida. Dette gjere vi ved å ha faste samtalar med deg. Minimum kvar tredje månad har vi oppfølgingssamtalar med deg og instruktøren i bedrifta du skal jobbe i. Som lærling får du ein læreplan som beskriv kva du skal lære i læretida. Det er denne som danner grunnlag for arbeidsoppgåvene du får i bedrifta.
I tillegg til faste møter vil vi følgje deg opp utanom dette både på telefon, video eller ved at vi kjem på besøk til deg i bedrifta di. Gjennom læretida vil du bli invitert med på mange kjekke aktivitetar som surfing, rafting, klatring m.m. der du blir kjent med dei andre superlærlingane våre. Kvar veke arrangerer superfritidssjefen supersamlingar på kveldstid rundt om i dei ulike bygdene i Nordfjord. Arrangementsoversikta vår finn du her. I bedrifta di vil du få ein eller fleire instruktørar som skal følge deg opp i kvardagen og vere med å lære deg opp i ulike oppgåver og gi deg rettleiing. Læreplanen i faget ditt er den som formar kva type arbeidsoppgåver du vil ha.
Q&A
Ofte stilte spørsmål kan du få svar på under her:
Når kan eg søkje om stipend frå Lånekassen?
Når lærekontrakta di er signert av alle partar og er godkjent går det automatisk melding til Lånekassen. Du vil få brev i www.altinn.no når kontrakta di er godkjent. Før lærekontrakta di er godkjent er det ikkje mogeleg å søkje stipend.
Kva stipend kan eg søkje på?
Lærling med ungdomsrett
Er du lærling med ungdomsrett kan du søkje på to ulike stipend men under gitte kriterier.
Bortebuarstipend
Bur du meir enn 40km frå foreldra dine kan du søkje om bortebuarstipend. Les meir her.
Inntektsavhengig stipend
Om ein får dette stipendet er avhengig av foreldra dine si inntekt samt di eiga lærlinglønn. Stipendet skal sikre at ein har moglegheit til å gjennomføre vidaregåande opplæring uavhengig av foreldra sin økonomi. Det er ulike satsar for inntektsavhengig stipend. Finn ut meir og søk her
Lærling utan ungdomsrett
Lærlingar utan ungdomsrett kan også søkje stipend men då etter reglane for høgare utdanning. For å finne ut meir sjå her.
Eg har barn. Kan eg søkje ekstra stipend frå Lånekassen?
Ja, lærlingar med ungdomsrett kan søkje om å få meir stipend og eventuelt lån når ein har barn. Les meir her.
Når er søknadsfrist for søkje stipend?
Søknadsfrist for å søkje stipend for opplæringsåret 2024/2025 er 30. juni 2025 eller innan lærekontrakta er avslutta hvis det er før 30. juni 2025.
Når skal eg skrive under lærekontrakta mi?
Lærekontrakta di vil komme til signering i perioden juli – august. Lærekontrakta di blir sendt ut til signering elektronisk og du vil få SMS og e-post når den er klar for signering. Husk å signere kontrakta med ein gong du får melding om signering. Skulle det vere noko i kontrakta som du meinar er feil ta kontakt med oss.
Kva dokument må vere i orden når eg startar som lærling?
Når du blir lærling er det to avtaler som ein må gå inngå.
1. Arbeidsavtale
Arbeidsavtala er ei bindande avtale som er mellom deg som lærling og bedrifta. Denne regulerar viktige forhold kring arbeidsforholdet ditt som lønn, forsikring, arbeidstid, rettar og plikter m.m. Denne arbeidsavtalen følgjer læretida og blir avslutta automatisk når lærekontrakta er fullført eller dersom lærekontrakta av ulike årsaker blir avslutta.
2. Lærekontrakt
Alle lærlingar skal ha lærekontrakt. Dette er ei kontrakt som vi saman med fylkeskommunen ordnar når arbeidsavtale er inngått og signert. Som lærling igjennom Nordfjordkompaniet blir denne kontrakta inngått mellom oss og deg som lærling. Lærekontrakta di vil komme ut for signering i perioden juli – august. Hugs at du ikkje kan søkje stipend før lærekontrakta di er godkjent.
Når skal eg ha oppstartssamtale med Nordfjordkompaniet?
Di fyrste oppfølgingssamtale med oss blir i august eller september alt etter kva tid du startar som lærling. Skulle du ha spørsmål til oss eller det skulle vere ting du lurer på i mellomtida er det berre å ta kontakt med oss. Sjå her for kontaktinfo.
Når er det oppstartssamling?
Oppstartssamlinga «Kompani Nordfjord» er obligatorisk for alle nye superlærlingar og vert arrangert 12.-13. september på Nordfjordeid. Du får meir info når samlinga nærmar seg 🙂
Eg har fått sms frå "Fagbrev" om at det er oppretta profil til meg. Kva er dette?
Fagbrev.io er vårt geniale opplæringssystem som du som lærling skal nytte i læretida di. Du vil få god opplæring i dette verktøyet utover hausten. Prøv deg gjerne fram, og logg inn om du ynskjer.