SUPERLÆRLING

Ressursgruppa

Sjølvsagt har superlærlingane våre si eiga ressursgruppe, det skulle berre mangle når ein er ein del av superlærlinguniverset vårt. Dei er med og påverkar læretida til deg som superlærling, spesielt med tanke på sosiale arrangement og fritidsaktivitetar.

I juni planla og gjennomførte dei aktivitetsdagen i Grobygget, og har allereie ny samling på trappene. Ressursgruppa samarbeider tett med superfritidssjefen, som har ansvaret for supersamlingane kvar veke. I tillegg til å planlegge kjekke aktivitetar for alle superlærlingar, er leiaren i ressursgruppa også styremedlem i Nordfjordkompaniet. Det inneber å vere med på og ta avgjersler på eit overordna nivå som har betydning for deg som superlærling.

Ressursgruppa er veldig interessert i å få innspel frå alle superlærlingar, til dømes kva som er viktig for deg i læretida, idéar til arrangement/tema, osv. Bruk difor Idémyldringsgruppene som er oppretta gjennom Fagbrev.io. Der kan du kome med det du har på hjartet og delta i diskusjonar. Kvar haust vert det val av ny ressursgruppe. Følg med framover om dette er av interesse for deg!

Denne gjengen søkte og blei valt ut til å sitje i ressursgruppa: Framme frå venstre: Linnea Stokke Lillestøl, Sigrid Nedreberg (leiar), Beate Heimlid Øiestad. Bak frå venstre: Andreas Ommedal Aa, Kai Robin Rauschenbach.