Erasmus+ er eit program frå EU som støttar utdanning, opplæring, ungdom og idrett i Europa. Det gjev moglegheiter for studentar, lærarar, ungdomsarbeidarar og andre fagfolk til å studere, jobbe, frivillig eller trene i utlandet. Programmet vart oppretta for å fremje internasjonalisering og kulturell utveksling, samt å styrkje samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og organisasjonar på tvers av landegrensene i Europa. Erasmus+ tilbyr også økonomisk støtte til deltakarane for å bidra til å dekkje kostnadene ved å delta i internasjonale aktivitetar.
Vi tilbyr praksisopphald i utlandet for følgjande utdanningsprogram:
- Industri (Tyskland)
- Automasjon (Tyskland)
- Helsefag (Kroatia)
- Barne og ungdomsarbeiderfag (Kroatia)
- Baker (Danmark)
- Kokk (Island)
Dersom du som superlærling har lyst på eit utanlandsopphald i tre veker og jobbe innan ditt fag, så høyrer vi gjerne frå deg. Neste mogelegheit for utplassering i utlandet er våren 2025, og søknadsskjema og meir informasjon vil bli lagt ut når vi opnar for å søkje.