SUPERLÆRLING

Slik er det å vere superlærling

SUPER OPPFØLGING

Som superlærling skal du få super oppfølging igjennom heile læretida. Dette gjere vi ved å ha faste samtalar med deg. Minimum kvar tredje månad har vi oppfølgingssamtalar med deg og instruktøren i bedrifta du skal jobbe i. Som lærling får du ein læreplan som beskriv kva du skal lære i læretida. Det er denne som danner grunnlag for arbeidsoppgåvene du får i bedrifta. I tillegg til desse faste oppfølgingssamtalene  føl vi deg opp både på telefon, video eller ved at vi kjem på besøk til deg i bedrifta di.

EIT SUPERT TEAM I RYGGEN!

Med oss får du eit superteam i ryggen med 9 superrådgiverar som føl deg tett gjennom heile læretida. Alle desse har brei erfaring med arbeid med ungdom, lærlingar og vidaregåande skule. Vårt hovudfokus er tett oppfølging, god veiledning og høg trivsel både på jobb og på fritida.

EIGEN SUPERFRITIDSJEF

Hilde-Kristin er verdas fyrste superfritidssjef. Ho har ansvaret for at lærlingane våre har det best mogeleg på fritida si, og organiserer og planlegg mange kjekke aktivitetar for lærlingane. Vi kallar samlingane «Supersamling» – og desse arrangerer vi kvar veke rundt omkring i Nordfjord. Vi har alt frå spelekveldar, kino, matlaging, leirdueskyting, klatring og boblefotball med meir. I tillegg inviterar vi deg med på overnattingsturar der du mellom anna får surfe og rafte saman med dei andre superlærlingane våre.

FAGLEG UTVIKLING

I tillegg til å følge deg opp i bedrifta for å sørge for at du får den opplæringa du treng arrangerar vi òg ulike kurs og arrangement for å støtte di faglegeutvikling som lærling. Dette inkluderer alt frå minifagprøver, truckførarkurs, stillaskurs, teoriundervisning og VR-kurs, alt etter kva lærefag du er superlærling i.

KJEKKE AKTIVITETAR

Gjennom læretida blir du invitert med på mange kjekke aktivitetar som surfing, rafting, aking, klatring m.m. der du blir kjent med dei andre superlærlingane våre.

PRAKSIS I UTLANDET

Som superlærling kan du i løpet av læretida søke om å gjennomføre eit 3 vekers praksisopphald i utlandet. Ved å jobbe med faget ditt i ei relevant bedrift får du mogelegheit til å gjere deg erfaringar på korleis yrket du utdannar deg innan blir praktisert i eit anna land. Du får reise saman med andre lærlingar som tar samme utdanning. Vi ordnar organisering av både praksis, reise og opphald.

Q&A

Ofte stilte spørsmål kan du få svar på under her:

Når lærekontrakta di er signert av alle partar og er godkjent går det automatisk melding til Lånekassen. Du vil få brev i www.altinn.no når kontrakta di er godkjent. Før lærekontrakta di er godkjent er det ikkje mogeleg å søkje stipend.

Lærling med ungdomsrett

Er du lærling med ungdomsrett kan du søkje på to ulike stipend men under gitte kriterier.

Bortebuarstipend

Bur du meir enn 40km frå foreldra dine kan du søkje om bortebuarstipend. Les meir her.

Inntektsavhengig stipend

Om ein får dette stipendet er avhengig av foreldra dine si inntekt samt di eiga lærlinglønn. Stipendet skal sikre at ein har moglegheit til å gjennomføre vidaregåande opplæring uavhengig av foreldra sin økonomi. Det er ulike satsar for inntektsavhengig stipend. Finn ut meir og søk her

Lærling utan ungdomsrett

Lærlingar utan ungdomsrett kan også søkje stipend men då etter reglane for høgare utdanning. For å finne ut meir sjå her.

Ja, lærlingar med ungdomsrett kan søkje om å få meir stipend og eventuelt lån når ein har barn. Les meir her.

Søknadsfrist for å søkje stipend for opplæringsåret 2024/2025 er 30. juni 2025 eller innan lærekontrakta er avslutta hvis det er før 30. juni 2025.

Lærekontrakta di vil komme til signering i perioden juli – august. Lærekontrakta di blir sendt ut til signering elektronisk og du vil få SMS og e-post når den er klar for signering. Husk å signere kontrakta med ein gong du får melding om signering. Skulle det vere noko i kontrakta som du meinar er feil ta kontakt med oss.

Når du blir lærling er det to avtaler som ein må gå inngå.

1. Arbeidsavtale

Arbeidsavtala er ei bindande avtale som er mellom deg som lærling og bedrifta. Denne regulerar viktige forhold kring arbeidsforholdet ditt som lønn, forsikring, arbeidstid, rettar og plikter m.m. Denne arbeidsavtalen følgjer læretida og blir avslutta automatisk når lærekontrakta er fullført eller dersom lærekontrakta av ulike årsaker blir avslutta.

2. Lærekontrakt

Alle lærlingar skal ha lærekontrakt. Dette er ei kontrakt som vi saman med fylkeskommunen ordnar når arbeidsavtale er inngått og signert. Som lærling igjennom Nordfjordkompaniet blir denne kontrakta inngått mellom oss og deg som lærling. Lærekontrakta di vil komme ut for signering i perioden juli – august. Hugs at du ikkje kan søkje stipend før lærekontrakta di er godkjent.

Di fyrste oppfølgingssamtale med oss blir i august eller september alt etter kva tid du startar som lærling. Skulle du ha spørsmål til oss eller det skulle vere ting du lurer på i mellomtida er det berre å ta kontakt med oss. Sjå her for kontaktinfo.

Oppstartssamlinga «Kompani Nordfjord» er obligatorisk for alle nye superlærlingar og vert arrangert 12.-13. september på Nordfjordeid. Du får meir info når samlinga nærmar seg 🙂

Fagbrev.io er vårt geniale opplæringssystem som du som lærling skal nytte i læretida di. Du vil få god opplæring i dette verktøyet utover hausten. Prøv deg gjerne fram, og logg inn om du ynskjer.