Kven er kandidatane?
I Styreportalen har vi etablert ein omfattande database med enkeltpersonar som er engasjerte i å bidra aktivt til utviklinga av næringslivet og frivillige organisasjonar i Nordfjord. Det er verd å merke seg at omtrent halvparten av dei registrerte er menn.
På biletet ser de nokre anonymiserte døme på personar som har vist interesse for å innta ein styreposisjon i ei bedrift i Nordfjord. Talet med potensielle kandidatar aukar jamt og trutt. Er du interessert i å vere ein del av leiinga i ei bedrift i Nordfjord?
Få tilgong
Om du/di bedrift vil ha tilgong til kandidatane i styreportalen kan du registrere bedrifta hos oss. Då vil du få tilsendt alle kandidatane slik at du eller valnemnda kan ta kontakt med dei kandidatane som er aktuelle.
Informasjonen i lista inneheld, namn, kjønn, telefonnr, epost, jobb, utdanning, erfaring og type bedrifter dei vil sitte i styret hos. Har du spørsmål? Ta kontakt med Anders eller oystein@inviro.no