Om Studentstovene
Studentstovene er eit attraktivt tilbod frå kommunane for studentar som både bur permanent i regionen, er på besøk eller som er heime i kortare/lengre periodar.
Det å etablere møteplassar for studentar og legge til rette for å skape eit studentmiljø (uavhengig av kor lite det er) er viktig ikkje berre for dei som sitt på Studentstovene, men også for å løfte bevisstheten til alle som bur i regionen at det kan vere både spennande og interessant å ta utdanning uavhengig av bustad, alder og livssituasjon. Etter første booking skal du motta informasjon om Studentstova, dersom du ikkje har fått dette, ber vi deg sjekke søppelpost og/eller ta kontakt med:
- Kari: 95 28 75 75
- Anders: 97 53 05 35
- Øystein: 41 69 55 59
Lokala er opne måndag – fredag frå kl 08:00 til kl 16:00. Ønskjer du å benytte lokala etter kl 16.00 treng du ei brikke for å komme deg inn i bygget, då må du ta kontakt med oss.
Per i dag finn du ei studentstove i Stryn, på Nordfjordeid, på Iglandsvik i Bremanger og på Sandane.