Bjarte Olai Heggdal – lever dykkardraumen i Stryn

Har du også ein dykkardraum kan du sjekke ut O.E Hagen sine nettsider og ta kontakt med dei! Dei har oppretta ei ny stilling og leitar no etter Leder Bærekraft, HMS og Kvalitet – SØK HER!

Bjarte Olai Heggdal – lever dykkardraumen i Stryn

Kjenner du på at du eigentleg skulle ha funne på noko anna?

Vegen fram til eit yrkesskifte treng ikkje vere så komplisert. Det mange ikkje veit er at fleire bedrifter i Nordfjord står klare til å hjelpe deg – om du vil satse.

Bjarte Olai frå Innvik (33) gjekk frå å vere snekkar til å bli anleggsdykkar for eit firma i Stryn.

 Nytt yrke

Eigentleg trenge vi alle typar folk. Ein er litt potet hos oss, seier Bjarte Olai Heggdal, dykkar og KS-HMS koordinator hos O.E Hagen dykkarfirma i Stryn.

Han er sjølv eit godt døme på det.

Han visste ikkje heilt kva han ville bli, men ein kompis vart tømrar og Bjarte Olai tenkte det kan han også bli. Nokre år etter at han fekk fagbrev var han likevel klar for noko nytt.

Eg fekk tilbod om ei kontorstilling, men det var eg ikkje interessert i. Eg var heller ikkje klar for å gå tilbake å vere tømrar.

Så sto Bjarte Olai der utan noko å finne på.

Etter å ha undersøkt ulike moglegheiter, enda han med eit år på dykkarskule i Bergen.

Kom som du er

Dykkarskulen sin viktigaste jobb er å lære folk å puste og ha kontroll under vatn. Kva du faktisk jobbar med lærer ein etter kvart.

Det å finne ein jobb som dykkar låg nærmare heime enn han var klar over.

Eg fann ut der er jo eit dykkarfirma i Stryn, så eg kontakta dei ein gong i 2015. Sidan har eg vore tilsett hos O.E. Hagen dykkarfirma.

I dag har han ei stilling der han delar tida på å vere i felten og å vere på kontor.

Det er ikkje like mykje reising på meg no, det passar fint. Men eg likar framleis å vere med ut på oppdrag, noko av det mest spennande er til dømes situasjonar der vi må sage hol i isen eller når vi treng helikopter for å nå fram. No har eg ei fin 50 – 50 stilling med kontor og arbeid i felt.

Få det du treng

O.E Hagen er eit dykkarfirma som driv med anleggsarbeid under vatn. Bygging og vedlikehald av til dømes bruer og ferjekaier trenger ein dykkarar til. Etter etableringa i 1991 har dei i dag 17 tilsette og utvidar stadig.

Vi ser alltids etter nokon frå lokalområdet som har kompetanse vi treng.

Bjarte Olai skryter av arbeidsplassen sin og meiner firmaet gir gode jobbmoglegheiter dersom ein har fagbrev innan eit relevant handverk.

Alle som har fagbrev kan vere interessante. Kjem du med det du kan, vil firmaet kunne gje deg resten. Det kan vere som mekanikar, elektrikar eller om du kan prosjektleiing. Har du maritim bakgrunn er det også nyttig.

Lista over dei som er aktuelle for dykkarfirmaet er altså ganske lang, for Bjarte Olai har ein formel som handverkarar med ein dykkardraum der ute kan ta med seg.

Det er enklare å lære ein handverkar å dykke enn det er å lære ein dykkar å bli handverkar. Så er du handverkar og kan tenke deg ein jobb som dykkar, ta kontakt!

Djupe vatn, høge fjell

På fritida likar Bjarte Olai å vere ute, helst vil han klatre. Nå ei tinde og skode utover eller ta eit fallskjermhopp. Høgdeskrekk har han i alle fall ikkje. Ikkje er han redd for å prøve noko nytt heller.

Er du klar for å prøve noko nytt i Nordfjord?

***

Har du også ein dykkardraum kan du sjekke ut O.E Hagen sine nettsider og ta kontakt med dei! Dei har oppretta ei ny stilling og leitar no etter Leder Bærekraft, HMS og Kvalitet – SØK HER!

Ynskjer di bedrift å få hjelp med rekruttering? Ta kontakt på med  Anders eller Tonje i Nordfjordkompaniet!

Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Webdesign av Frequency.no