Du kan sjekke ut Sande Settefisk sine nettsider her:) Dei er alltid på jakt etter flinke folk.

Frå Arendal til fjella i Nordfjord!

Etter eit år på folkehøgskule på Sandane ville Anna gjerne tilbake til Nordfjord. Takka vere kjæresten, laks og regnbogeørret klarte ho det.

Les om Anna Holvik Torgunrud frå Arendal og korleis ho havna i Nordfjord.

Tekst: Marie Kristine Kroken

Eg har jo familie og vener i Arendal, men det er lite fjell på Sørlandet, så det var naturen som trakk meg til Nordfjord.

Anna er utdanna lektor i biologi, matte og med master i marin biologi. Med denne kombinasjonen er ho gull verd for sin nye arbeidsplass, Sande Settefisk, i den idylliske bygda Rygg ved Sandane.

Ein god plan

Etter året på folkehøgskule tok eg eit år i Sogndal, for eg ville gjerne vere på Vestlandet. Lektorutdanninga og master tok eg i Trondheim, men eg visste då eg flytta herfrå at eg ville tilbake.

Moglegheita kom då kjærasten Tobias fekk lærlingplass på Skei som dyreutstoppar. No bur begge på Sandane, medan kjæresten pendlar til Skei.

Med ei lektorutdanning kunne ho få seg jobb omtrent kor ho ville i landet. Men det ville ho ikkje.

Det er biologien eg brenn for, så eg var tydeleg på at det var det eg ville jobbe med då eg starta å leite etter arbeid.

Eit godt tips

Anna byrja leite etter jobb og ein medstudent tipsa henne om at det var noko som heitte Nordfjordkompaniet.

Eg meldte meg inn i Heia Nordfjord og vart oppringt av Anders. Eg var tydeleg på kva eg ynskte meg og han fulgte opp med å presentere medlemsbedriftene dei har. Sande Settefisk var ein av dei. Eg tok ein telefon til dei og vart invitert på eit møte. Dei hadde ingen utlysing akkurat då, men ville trenge fleire folk etter kvart.

Snøballen hadde starta å rulle. Etter fyrste telefon hausten 2023 hadde ho ei samtale over nyttår 2024. Rundt påske fekk ho jobb og september hadde ho sin fyrste arbeidsdag i ny jobb.

Det er jo heilt fantastisk at ein kan få hjelp på den måten Nordfjordkompaniet kan tilby. Det var fine samtaler og eg fekk kontakt med aktuelle bedrifter. Anders var jo ærlig både på at han sjølv ikkje kunne så mykje om marin biologi og at det ikkje var så mange jobbar innen det i området, men han var virkelig god på å finne dei moglegheitene som var her.

Ein god arbeidsplass

Sande settefisk på Rygg ved Sandane har drive lenge med landbasert oppdrett. I juni 2023 sto eit nytt anlegg til 300 millioner kroner ferdig.

Her mottek dei rogn som går gjennom vaksiner, kontroll og foring til dei er store nok til å sendast til eit ordinært anlegg.

Hos oss produserer vi større fisk før vi slepp dei ut i anlegg i sjøen. Då vert kvaliteten betre. Kortare tid i sjøen gjer at det vert mindre sjukdom og mindre miljøpåverknad, forklarer Anna engasjert.

Det tek ifølge henne tre år å lære seg fiskeoppdrett. Alle starter som røkter for å lære seg det grunnleggende.

Etter seks månadar som røkter er no Anna klar for nye oppgåver i bedrifta.

Framover skal eg bruke noko av den pedagogiske kompetansen min til å forbedre opplæringsplanen i selskapet, samt miljørapportering.

Ei god framtid

Sjølv om ho og kjærasten kjenner Nordfjord frå før, er dei nyetablerte her som arbeidstakarar. Det kan vere krevjande å kome til ein ny plass, men det har Anna også ein god plan for.

Vi hopper ut i det meste for å bli kjent med folk, så vi har fått mange vener. Det har gått overraskande bra. Tobias er glad i jakt medan eg driv med alt mulig anna friluftsliv, på fjellet, på ski. Her har vi tid til det og alt er så nært.

Vi har også blitt med i U40 i Gloppen, eit veldig godt trivselstiltak. Det er fint med foredrag og møter om karriere og bedrifter, men det er også behov for å tenke på det sosiale. Det er ikkje berre jobb som er viktig. Arbeid kan vere grunnen til at du flyttar til ein ny stad, men det er trivselen som gjer at du blir.

Vi blir her uansett til Tobias er ferdig, om 1,5 år, så får vi sjå. Om vi trivast her så blir vi.

***

Gjer som Anna og hopp i det: Ta ein telefon til bedrifter du kan tenke deg å jobbe for. La snøballen begynne å rulle. Nordfjordkompaniet har god oversikt over bedrifter i Nordfjord og har lang erfaring med å finne rett bedrift til rett person. Tips ein du kjenner om Heia Nordfjord nettverket og be dei melde seg inn her!

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no