Kristine Tonning – Stryn Bedriftsbarnehage AS: Satsar på alle sine tilsette

Kunne du tenke deg å jobbe i Stryn Bedriftsbarnehage As? Du kan sjekke ut deira nettsider her. Dei er alltid på jakt etter flinke folk 🙂

Stryn Bedriftsbarnehage AS: Satsar på alle sine tilsette

Stryn Bedriftsbarnehage AS er ein privat barnehage i Stryn som aldri sluttar å satse på sine tilsette. Møt Kristine Tonning frå Olden (26) som tek del i satsinga.

 Kristine hamna i Stryn Bedriftsbarnehage fordi ho fekk det som praksisplass då ho tok utdanning som barnehagelærar i Volda. Då praksistida hennar var over gjekk ho rett til styraren og spurte om dei trengte vikar. Det gjorde dei og sidan har Kristine blitt der.

Eg trivdas so godt. Det er eit godt arbeidsmiljø og ei inkluderande personalgruppe. Eg vart teken so godt i mot, sjølv om eg berre var student. Eg kjende at her ville eg vere meir.

Når eg hadde jobba litt i barnehagen kjende eg at dette vil eg. Det å ta del i kvardagen til dei minste. Eg hadde det i meg at eg ville jobbe med born.

I tillegg til ein god velkomst skryt Kristine av korleis barnehagen satsar på dei som jobbar der.

Dei er veldig faglege, og jobbar med kompetanseheving blant alle sine tilsette. Om du er fagarbeidar eller ufaglært vil du få sjansen til å utvikle deg. Det er behov for meir utdanning i barnehagen og her tek dei ansvar. Er du til dømes ein assistent som vil ta fagbrev, så vil ein legge til rette for det.

Kristine er sjølv del av barnehagen si satsing og tek i dag vidareutdanning innan Spesialpedagogikk i barnehage. Den tek ho på deltidsstudiar samstundes som ho jobbar i barnehagen.

Med fleire som har kunnskap på feltet vert tilbodet til borna betre og kvaliteten aukar, er den enkle forklaringa til Kristine.

I dag jobbar Kristine som pedagogisk leiar i ein av dei tre avdelingane i barnehagen og jobbar sjølv i lag med andre praksiselevar.

Vi har alltid ein lærling. Når nokon er ferdig med fagprøva får vi ny lærling. Vi har vår fjerde no etter at vi vart medlem av opplæringskontoret.

Når vi søkjer etter tilkallingsvikar er det gjerne også unge som søkjer, så vi har mange unge i personalet.

Leiarjobben deler ho med ein annan, for å dele på ansvaret.

Det er endå eit tiltak barnehagen gjer for å ta vare på sine tilsette. Ei slik arbeidsfordeling hjelper til å redusere det ekstra stresset det er å vere avdelingsleiar. Ei slik ordning har kome meir den siste tida, og Stryn Bedriftsbarnehage har følgt opp.

Bedriftsbarnehagen satsar på sine unge tilsette, men tek vare på alle tilsette med eit eige fokus på å rett og slett snakke saman og sjå kvarandre.

Dei er flinke til å jobbe med relasjonar, både mellom vaksne, born og foreldre. Det er veldig viktig å ha på plass for at resten skal vere på plass. Det å kjenne kvarandre. Vi er gode på dialog og det å sjå andre. Alle vert inkludert, både nye og gamle tilsette.

Kristine er eit godt døme på at det har funka og ho er klar på at ho har funne sin plass i Stryn.

Eg er heimekjær og har sambuar i Stryn.

Sambuaren vert forresten snart ektemann, når dei giftar seg 28.september i år!

Stryn er ein fredeleg plass, samstundes som det skjer ting her. Vi har det vi treng, og det er så mange fine bygder rundt. Eg har familie her som eg også likar å vere nær.

Konklusjonen etter å ha jobba og budd i Stryn fleire år er klar og tydeleg.

Eg kunne ikkje tenke meg å flytte frå Stryn!

***

Har du også lyst å bu i Nordfjord? Meld deg inn i Heia Nordfjord nettverket så kan vi hjelpe deg på vegen hit!

Ynskjer di bedrift å få hjelp med rekruttering? Ta kontakt på med  Anders eller Tonje i Nordfjordkompaniet!

Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Webdesign av Frequency.no