Du kan sjekke ut HS Bygg sine nettsider her. Dei er alltid på jakt etter flinke folk.
Ny kaptein på byggjelaget – Marianne Nærø tek roret i HS Bygg
HS Bygg er ein solid og erfaren entreprenør med røter i Stryn. Selskapet har vore med på å forme bygg og infrastruktur i regionen i fleire tiår og er kjent for kvalitet, godt handverk og eit sterkt fagmiljø. No går selskapet inn i ei ny tid med Marianne Nærø som ny dagleg leiar.
Styret i HS Bygg AS har gleda av å fortelje at Marianne Nærø er tilsett som ny dagleg leiar i selskapet. Ho startar i stillinga 1. februar 2025.
Med over 20 år i bygg- og anleggsbransjen, mellom anna som prosjektleiar for Nordøyvegen, har Marianne mykje erfaring å ta med seg inn i HS Bygg. Ho er utdanna byggingeniør og bedriftsøkonom og har lang fartstid med leiing og store prosjekt.
HS Bygg AS er ein del av HS-gruppa, saman med søsterselskapa HS Rise Bygg AS og HS Kapstad AS. Totalt har desse selskapa ein årleg omsetning på rundt 450 millionar kroner og over 110 tilsette. Knut Løvdal Stauri, som no går av som dagleg leiar i HS Bygg, held fram som leiar i morselskapet HS Entreprenør AS.
–Det er kjekt å ønskje Marianne velkomen til HS Bygg! Ho har brei erfaring frå store prosjekt, er ein dyktig leiar og ser moglegheiter for vidare vekst. Vi er trygge på at ho vil tilføre ny energi og vere ei viktig drivkraft for selskapet framover, seier Knut Løvdal Stauri, styreleiar i HS Bygg AS.
Eg tek på meg denne rolla med stor glede og respekt. HS Bygg er eit selskap med solide resultat og dyktige folk, og eg ser fram til å bli kjent med organisasjonen. Målet er å bygge vidare på det gode arbeidet som allereie er gjort, og samtidig sjå på nye moglegheiter for utvikling. Eg har fått eit godt inntrykk av verdiane og ambisjonane i selskapet, og eg gler meg til å jobbe saman med teamet for å ta HS Bygg vidare, seier Marianne Nærø.
Marianne skal ha base i Stryn, men vil også ha kontor i Ålesund – eit strategisk grep for HS Bygg. I starten blir hovudfokuset å bli godt kjent med folk, prosjekt og kundar, samtidig som ho jobbar med å styrke satsinga i regionen. Ho håpar på ein varm velkomst og gler seg til å bygge sterke relasjonar med både kundar og samarbeidspartnarar.