Hege Kveen – frå storbyliv til Nordfjordliv

Har du også ein draum om å flytte til Nordfjord? Då kan du melde deg inn som jobbsøkjer i Heia Nordfjord – så tek vi kontakt med deg!

Hege Kveen – frå storbyliv til Nordfjordliv

Kan ein flytte heim til Nordfjord, få meir tid til familie og samstundes behalde karriera? Ja, det lar seg gjere. Les om Hege og korleis det gjekk då ho tok sats og flytta heim til Stryn.

Tekst: Marie Kristine Kroken

Moglegheitene ute

Eg likar å teste meg og kome meg ut av komfortsona. Det har vore gjengangaren for vala eg har teke.

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon, ein master i marknadsføringsleiing og ein god dose stå-på-vilje, har Hege hatt fleire spennande jobbar. Ho har jobba som marknadssjef i internasjonale vestlandsbedrifter som Convene Group og StormGeo, og fått reise rundt i verda som ein del av jobben.

Det har vore mykje hard jobbing, men eg har hatt det utruleg kjekt på vegen.

Eg har lært veldig mykje og vore med på mykje spennande – alt i frå å utarbeide ny identitet og merkevare, til oppkjøp og kulturbygging, og lanseringar av nye løysingar og produkt i marknaden, for å nemne noko.

Dei siste åtte åra budde ho og mannen, Andreas, i Oslo og planen var eigentleg å bli verande der, sjølv om hjartet alltid har banka ekstra hardt for Nordfjord.

Men det skjer noko når ein får barn, seier ho og legg til.

Det er vel rett som ordtaket seie, «Ein kan ta jenta ut av bygda, men ikkje bygda ut av jenta». Vi fant fort ut at vi ville gje gutane våre dei same gode verdiane og den trygge oppveksten som vi sjølv hadde i Nordfjord. Samtidig syns eg det er viktig at ein kjem seg ut av bygda og får oppleve verda, møte nye folk og kulturar, ja, rett og slett utvide horisonten sin. Då set ein gjerne endå meir pris på heimplassen sin óg, seier Strynejenta stolt.

Familien på fire starta for nokre år sidan prosessen med å flytte heim. Dei tok seg god tid, for både Hege og Andreas var klare på at dei ikkje ville gje opp karriera på veg heim att til Nordfjord.

Eg visste at moglegheitene var her, men etter 18 år vekke kjende eg ikkje arbeidsmarknaden godt nok. Etter at vi flytta heim har eg verkeleg fått opp augene og sett at vi har eit mangfaldig, innovativt og sterkt næringsliv i fjorden – med utruleg flinke og driftige folk som får til mykje. Det inspirerar, seier ho.

Moglegheitene heime er fleire enn du trur

Dei fekk tidleg kontakt med Tonje i Nordfjordakademiet som hjelpte til med å få nokre av bitane på plass. Hege er veldig nøgd med hjelpa dei fekk.

Vi brukte mykje tid med Tonje. Det var ho som tipsa min noverande arbeidsgjevar om meg. Eg kjende ikkje til Segel, men Tonje har stålkontroll på kva som skjer i fjorden og er veldig god til å matche folk og bedrifter.

Hege er veldig glad for den støtta Nordfjordakademiet gav.

Tonje har vore i same situasjon sjølv og gav ein tryggleik i at ting ordnar seg, forklarar Hege og legg raskt til. – At Tonje i tillegg er ein smilande person med ei positiv innstilling, gjer at praten glir mykje lettare óg, så vi har hatt fleire gode samtalar.

Nettverk er så viktig, men vanskeleg å få til når ein ikkje bur i området. Derfor flytta vi heim før eg fekk jobb. Eg var i permisjon og brukte tida godt. Då såg eg kva potensiale som er her.

Hege sine gode råd til ei god heimreise

I dag jobbar Hege med marknadsføring og kommunikasjon i Segel AS, eit selskap etablert på Nordfjordeid, Ålesund og no Stryn, som driv med bedriftsrådgjeving.

Ho har eit kort og godt råd til dei som vurderer å flytte heim att.

Berre gjer det!

Ha is i magen for ting vil ordne seg. Det å kombinere jobb og familie er enklare å få til her. For ein småbarnsfamilie er kvardagen framleis hektisk, men ikkje so hektisk. Vi kjente det var riktig å gjere. Her har vi meir familie og mange vener som også har flytta heim.

Samstundes tykkjer Hege at kommunane og bedriftene som ynskjer å få folk heim att kan gjere meir for å legge til rette.

Det er ikkje alltid det å finne jobb som er mest utfordrande. For ein barnefamilie er barnehage og bustad gjerne meir avgjerande. Det å ha løpande opptak vil til dømes gjere det mykje enklare for ein småbarnsfamilie å kome heim att. Heldigvis ser det ut som at desse tinga har blitt litt enklare det siste året, og det er bra, smiler ho.

For at bedriftene i fjorden skal tiltrekke seg arbeidskraft meiner ho at dei må bli flinkare til å vise kven dei er.

Bedriftene her må tørre å vise meir personlegdom og få fram dei gode historiene sine. Det er så mykje spennande som skjule seg bak bedriftsnamna i fjorden. Vi Nordfjordingar likar ikkje å stikke oss ut, men om bedriftene blir flinkare til å by litt meir på seg sjølv og framsnakke andre, vil vi forhåpentlegvis klare å sette oss meir på kartet og trekke til oss arbeidskraft.

Eg veit ikkje om ein anna fjord som har so mykje spanande å by på, både i form av natur og næringsliv. Eg vil gjerne hjelpe lokale bedrifter på vegen med å løfte seg fram og gjere dei meir synlege slik at fleire ser alt det spennande som skjer her. Vi har faktisk veldig mykje her i Nordfjordver som ein ikkje finn i verken Bergen eller Oslo, eller andre stadar i verda for den del, seier ei entusiastisk heimflytta Hege.

***

Hege og familien er på plass i Stryn. Dei har vist at i Nordfjord kan ein kombinere det beste frå to verder, med tid til familie og gode jobbar.

Er det din tur?

Meld deg inn i Heia Nordfjord og la Nordfjordkompaniet hjelpe deg til å finne dine moglegheiter i Nordfjord.

Webdesign av Frequency.no