Bli superbedrift
Hei, og velkomen til Superbedrift! Vi heiter Tonje og Tom Øyvind og er nettside-guidane dine for medlemskap hos Nordfjordkompaniet. Vi er glade for at du vurderer å bli med i nettverket vårt som er dedikert til å gjere Nordfjord suprare gjennom samarbeid og deling av ressursar. Her kan du finne all naudsynt informasjon om korleis du kan bli medlem og kva fordelar og tenester vi tilbyr.
Medlemskap og fordelar
Som medlem i Nordfjordkompaniet får bedrifter og kommunar tilgang til eit breitt spekter av tenester og ressursar som hjelper deg med å vekse og utvikle deg. Vi tilbyr medlemskap for Superlærling eller Superjobb – eller begge deler! Medlemskap gir deg tilgang til følgjande fordelar:
- Superlærling: Tilby lærlingplassar og få tilgang til dyktige lærlingar som kan bidra positivt i di bedrift. Vi støttar heile rekrutterings- og oppfølgingsprosessen frå elev/ufaglært til ferdig utdanna fagarbeidar.
- Superjobb: Bli synleg i vårt Heia Nordfjord-nettverk og våre kanalar slik at du tiltrekk deg dei beste kandidatane for bedrifta di, både til faste stillingar og midlertidige prosjekt.
- Superfritid: Delta i eller organiser aktivitetar som fremjar samarbeid, trivsel og nettverksbygging mellom tilsette.
- Jakta på Superkreftene: Bidra til å utvikle framtidige arbeidstakarar ved å støtte ungdom i å finne talenta og interessene sine.
- Heia Nordfjord: Bli ein del av eit sterkt nettverk med over 1.000 personar og bedrifter.
- Styreportal: Finn kvalifiserte styremedlemmer til bedrifta di gjennom vår styreportal.
Rekrutteringspakkar
Vi tilbyr fleire pakkar som kan tilpassast behova til bedrifta eller kommune. Her er nokre av dei viktigaste tenestene vi tilbyr:
- Headhunting: Få hjelp til å finne dei beste kandidatane!
- Rekruttering: Få hjelp til alt frå stillingsannonsar, innhaldsmarknadsføring og langsiktig merkevarebyggjing til kandidatsøk og full rekruttering. Vi kan skreddarsy eit opplegg for bedrifta di!
- Djupdykk i nettverket vårt Heia Nordfjord: Vi tek med aktuelle kandidatar utifrå ynskja dugleik/kompetanse og utdanning. Bedrifta får tilbake aktuelle kandidatar som har takka ja til eit intervju.
Kursmoglegheiter og kompetansekartlegging
- Fagspesifikke Kurs: Kurs som er skreddarsydde for ulike bransjar og yrke.
- Kompetansekartlegging: Analyse av dei tilgjengelege ferdigheitene i di bedrift og anbefalingar for vidare utvikling.
Vi samarbeidar med Inviro og StudieHub Nordfjord som tilbyr mange spennande kurs og desentraliserte utdanningstilbod.
Styreportal
Gjer bruken av vår styreportal til å finne kvalifiserte styremedlemar som kan bidra med verdifull innsikt og erfaring. Styreportalen vår hjelper deg med å finne kandidatar som passar perfekt til di bedrift sine behov.
Utforsk medlemskapsmoglegheitene våre og finn ut korleis Nordfjordkompaniet kan hjelpe di bedrift eller kommune med å vekse og blomstre. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon. Saman gjer vi Nordfjord suprare!