Superbedriftene
Vi er så stolte av superbedriftene som er medlem i Nordfjordkompaniet at vi nesten sprekk. Fantastiske lokale bedrifter; heilt frå enkeltmannsføretak til bedrifter i internasjonal klasse.
I våre fire fantastiske Nordfjordkommunar finn du produsentane av dei mest bærekraftige katamaranane i verda, reiselivgigantane i regionen og produsenten av verdskjente møblar. Du finn superdyktige bygg og anleggsentrepenørar, produsentar av dei mest spektakulære stålkonstruksjonane og vindaugsprodusentar i verdsklasse. Der er kjente klesprodusentar, ein av dei fremste på rørkonstruksjonar i Europa og leverandøren av dei mest eksklusive tekstila. Du finn også produsenten av gassautomatar, og teknologileverandørar i særklasse…. Vi kunne halde fram i timesvis. Vi skryt ikkje, det er berre enkle fakta. Best av alt dette er lærebedrifter kor heldige ungdommar kan få ta si utdanning. Er dei heldige? Det er berre forbokstaven.