NORDFJORDS SITT STØRSTE
REKRUTTERINGSNETTVERK
NORDFJORDS
SITT STØRSTE
REKRUTTERINGS-
NETTVERK

Bli medlem i Nordfjordkompaniet

Bli medlem i Nordfjordkompaniet og Heia Nordfjord-nettverket!
Medlemskapet er inngangsbilletten til alle dei andre produkta våre men allereie som medlem får du følgande:

  • 1 time behovskartlegging
  • Hjelp til å rekruttere lærlingar
  • Vere med på pilotprosjektet Jakta på Superkreftene
  • Nyheitsbrev
  • Logo på websida vår
  • Invitasjon til Supernytt – møteplassen for nettverket vårt

Alt dette for berre 2.000 kr (eks. mva) i året!

Produktkatalog

Dei to viktigaste måtane vi kan hjelpe deg med det langsiktige rekrutteringsarbeidet er gjennom dei to produkta Superlærling og Superjobb.
👇 Desse to pakkane kan du lese meir om her 👇

Superlærling

Som medlemsbedrift hjelp vi deg med å rekruttere Superlærlingar og etter denne er i boks, er vi klare for å hjelpe deg med alt som skjer i læretida.
Dette inkluderer:

  • Vi støttar deg i alt det administrative for å bli godkjent lærebedrift og i arbeidet med å ha superlærling
  • Jamnleg oppfølging minst kvar 3. månad
  • Instruktørkurs for tilsette i bedrifta
  • Relevante kurs til lærlingen
  • Ekstra støtte om det er utfordringar i læretida
  • Fritidsaktivitetar, kurs og samlingar for lærlingane

Vi tar 70% av lærlingtilskotet i betaling og du beheld 30% – samtidig som du får verdas beste opplegg.

Ta kontakt med Tom-Øyvind om du lurer på noko om Superlærling!

Superjobb

Superjobb er eit årleg abonnement som hjelp bedrifta med langsiktig rekruttering.  Dette gjer vi gjennom følgande aktivitetar:

  • Jobbmåndag – annankvar måndag legg vi ut dei ledige stillingane til medlemsbedriftene på heimesida vår, LinkedIn, Instagram og Facebook
  • Du vil få tilgong til eitt av Norges største rekrutteringsnettverk – Heia Nordfjord-nettverket vårt med over 1500 medlemmar.  Her har vi som regel mellom 40 og 50 jobbsøkjarar til ei kvar tid og vi har 700 studentar
  • Vi reiser på karrieremesser rundt om kring i Norge og der kan du ha eigen stand eller vi kan ta med informasjon om bedrifta di

Kostnaden for Superjobb blir rekna ut frå kor mange tilsette bedrifta har i Nordfjord.

Ta kontakt med Anders om du lurer på noko om Superjobb!

Tilleggsprodukt

👇 I tillegg til desse to pakkane har vi desse tilleggsprodukta som kan hjelpe deg «på oppdragsbasis» og på kort sikt 👇

Djupdykk i Heia Nordfjord-nettverket

Treng du litt ekstra hjelp til å finne den rette kandidaten kan vi gå djupare i Heia Nordfjord-nettverket vårt.  Då vil vi kontakte aktuelle kandidatar og fortelle dei om di bedrift og stillinga som er ledig.  Vi har over 200 kandidatar som ikkje er jobbsøkjarar men som «er opne for nye mogelegheiter» om det dukkar opp noko spennande.  Kanskje er det akkurat di bedrift dei ventar på?

Pris for medlemmer er 10.000 NOK eks. mva.

Ta kontakt med Tonje om du lurer på noko om Djupdykk i Heia Nordfjord-nettverket!

Kompetansekartlegging

Vi kan gjennomføre ei kompetansekartlegging i bedrifta di.  Dette er eit opplegg som vi fasiliterar gjennom 2 workshops.  Dette vil gi bedrifta eit glimrande utgongspunkt for vidare arbeid med kompetanse og rekruttering. Etter endt workshop vil bedrita ha ein starten på ein handlingsplan.  Vi har fått gode tilbakemeldingar på dei kompetansekartleggingane vi har gjort og dette passar for alle typar bedrifter.  Vi har gjennomført kompetansekartleggingar i kommunar, barnehage og store og små bedrifter.

Pris for medlemar er 15.000 NOK eks. mva.

Ta kontakt med Tonje om du lurer på noko om Komptansekartlegging!

Rekrutteringsplan

Mange bedrifter manglar ein god plan for rekruttering.  Alt frå kva arrangement dei skal vere med på til kva kanalar dei skal nytte.  Kor ofte har ikkje ein vore med på at når nokon sluttar får ein ikkje til kompetanseoverføring til den som tak over jobben.  For å vere godt forberedt på framtida må ein ha ein plan – dette gjeld òg for rekruttering.

Prisen på dette kjem an på kva arbeid bedrifta allereie har gjort for kartlegge det generelle kompetansebehovet.

Ta kontakt med Tonje om du lurer på noko om Rekrutteringsplan!

Ikkje nøl med å ta kontakt!

Finn din kontaktperson her, eller
send ein mail til oss på
hei@nordfjordkompaniet.no

Besøk oss her

Stryn vidaregåande skule
Hegrevegen 1
Stryn

Postadresse: PB 158, 6781 Stryn

Webdesign av Frequency.no