Trivsel på topp med luksuslunsj på fredagar! 

Kunne du tenke deg å jobbe i Convene As? Du kan sjekke ut deira nettsider og legge inn ein søknad her. Dei er alltid på jakt etter flinke folk.

Trivsel på topp med luksuslunsj på fredagar!

Visste du at Convene As, med hovedkontor på Sandane, er ein internasjonal leverandør av sjølvbetjente administrasjons- og betalingsløysningar? Dei har i meir enn 30 år stått i spissen for digital innovasjon innan helse og trening i Norge. No er dei med på å definere morgondagens teknologi for betaling og sjølvbetjening innan ein rekke bransjar i 14 land verden over!

Vi tok ein uformell prat med Ida Ryssdal, HR-leiar, for å bli bedre kjent med bedrifta, arbeidskvardagen deira og kvifor ho trivast godt i jobben sin.

Kvifor jobbe i Convene AS?

Det beste med å jobbe her er moglegheita til å vere ein del av eit internasjonalt fintech-konsern, samtidig som vi har røtene våre i Gloppen. Vi har mange dyktige og svært engasjerte kollegaer, og vi utviklar oss heile tida – ingen dagar er kjedelege. Vi er eit selskap som verkeleg legg til rette for at du kan vekse, både fagleg og personleg, seier Ida.

Ida legg vekt på at Convene AS er eit selskap der det skjer noko nytt kvar dag, og at ho jobbar ilag med ein gjeng menneske som brenn for å finne innovative løysingar og vidareutvikle dei eksisterande.

Moglegheiter for utvikling – ditt potensial er viktig 

Utvikling er ein del av vårt DNA, og vi gjer det saman. Hos Convene får du ikkje berre moglegheita til å vidareutvikle deg i rolla di, men òg til å søkje om kurs og vidareutdanning via vårt kompetansefond, som vi lyser ut kvart halvår. Dette er med på å støtte både individuelle utviklingsplanar og selskapet sin overordna strategi for kompetanseheving.

Kvardagen på Sandane-kontoret – trivsel på topp!

På vårt kontor i Sandane finn du ei gruppe menneske som trivst svært godt saman. Her er tonen uformell, og vi samlast rundt langbordet til lunsj kvar dag – med luksuslunsj på fredagar! I tillegg arrangerer vi sosiale aktivitetar som julebord og sommarfest, og vi deltek på samlingar med resten av konsernet. I slutten av september drog vi til Beitostølen for ei helg med aktivitetar saman med kollegaer frå alle våre lokasjonar. Det var både sosialt og gøy!

Visste du dette om Convene?

  1. Vi har rundt 150 tilsette fordelt på tre land: Noreg, Sverige og Danmark.
  2. Hovudkontoret til Convene Group ligg i Sandane, medan dotterselskapet CrediCare har sitt hovudkontor i Førde.
  3. Convene handterer 13 millionar transaksjonar årleg.
  4. Våre kjerneverdiar er: Loyal, Innovative, Friendly, Engaged (LIFE).
  5. Vi satsar mot Storbritannia og har allereie to pilotkundar som brukar vår terminalløysing der.

Convene leitar i dag etter  ein rekneskapsførar som vil bli med på reisa i vakre Gloppen.

Rekneskapsteamet vårt er ein samansveisa gjeng som jobbar tett saman. Vi har eit breitt spekter av oppgåver og yter service både internt og eksternt. Dette er ein plass der samarbeid står i sentrum, og der alle bidrar til fellesskapet. Du vil bli ein del av eit dynamisk team som alltid ser etter å forbetre måten vi jobbar på, fortel Ida.

Kanskje er du den dei leitar etter? Du finn stillinga her:) 

***

Har du også lyst å bu i Nordfjord? Meld deg inn i Heia Nordfjord nettverket så kan vi hjelpe deg på vegen hit!

Ynskjer di bedrift å få hjelp med rekruttering? Ta kontakt på med  Anders eller Tonje i Nordfjordkompaniet!

Saman gjer vi Nordfjord suprare!

Webdesign av Frequency.no