Vi startar kl 9 mandag.
Adressa i Loen er Lovikvegen 58. Ta av i Lovik, køyr forbi Mattilsynet og Nordfjord Kjøtt og ned på industriområdet der Stryn Betong/Betongelement og Yri Sand ligg.
Kurset tek utgangspunkt i at kursdeltakarane ikkje har teke innføringskurset (Modul 1.1), og første kursdag startar med denne modulen. Deretter blir det truckteori, som så vert avslutta med prøve dag 2. Undervegs i dag 2 blir det innføring i praktisk grunnleggande bruk av truck. Resterande praktisk opplæring vil skje ute i den enkelte bedrift på dei trucktypane kursdeltakaraen skal køyre i si bedrift.
Pris
Kurset er gratis og obligatorisk for lærlingar der kompetansen er naudsynt for å nå måla i læreplanen.
Pris for andre tilsette i medlemsbedriftene våre er kr 5000,-
Lunsj
Det blir servert enkel lunsj begge dagane.
Overnatting
Det blir overnatting på Tjugen camping i Lodalsvegen 198 for dei som har meldt inn at dei treng overnatting. Overnatting i hytter. Sengetøy og handkle finnast i hyttene så det treng de ikkje ta med. Det er mulig å lage mat i hyttene om nokon ønsker det.
Påmelding
Påmelding via skjemaet nedanfor.
Superlærlingar som skal ha kurset i følge læreplanen, blir automatisk påmeldt. Sjekk Fagbrev-appen.
Ta kontakt med din superrådgjevar om du har spørsmål.
Meld deg på
"*" indicates required fields