Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune inviterer til kurs for faglege leiarar. Dette er del 2 av den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar. Del 1 av den obligatoriske opplæringa var e-læringskurset du tok i forkant av å bli godkjent som fagleg leiar. Del 2 skal gjennomførast innan eitt år etter godkjenning.
Dersom du ikkje har teke e-læringskurset (del 1) tidlegare, tek du dette i forkant av del 2. Leiarar og instruktørar i bedriftene er også velkomne til å delta, men kurset er kun obligatorisk for faglege leiarar.
Målet med kurset
er å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar.
Tid og stad
Torsdag 17. oktober 2024 kl 09.00 – 14.00, Firda Vidaregåande skule, Sandane
Kurslokalet er i kjellaren i gamlebygget på Firda vgs.