VELKOMEN TIL AKEDAG PÅ HOVEN I LOEN!
Vi ynskjer alle våre 1. års-lærlingar velkomne til akedag på Hoven fredag 28. februar! Sidan aketuren i fjor blei avlyst, er også 2. årslærlingane velkomne, for dei som vil.
Vi startar turen med gondolbana opp til Hoven. Der blir det anledning til å nyte den fantastiske utsikta, gå i snøholene, ta ein selfie eller to, før vi går i restauranten og et lunsj saman. Det blir buffet med assortert pizza og valfri brus/vatn. Deretter vert det eit minikurs i personleg økonomi.
Sjå pakkeliste lenger nede på sida.
Behov for skyss? Vi tek direkte kontakt med dei som har meldt inn behov.
Meld deg på via fagbrev.io
Påmelding innan 24. februar.
Vi gler oss til ein kjekk dag i lag!
PROGRAM
KL 10.45 – Oppmøte ved Loen Skylift, parkeringsplassen ved fjorden
Kl 11.00 – Vi tek bana opp til Hoven. Her får vi litt tid til å ta bilder og nyte utsikta
Kl 11.45 – Lunsj
Kl 12.30 – Kurs i personleg økonomi
Kl 14.00 – Vi aker ned frå Hoven. Dei som ikkje vil ake ned, kan benytte akebakkane på Hoven.
Ca kl 15.00 – retur med Skyliften for dei som ikkje aker ned.
PAKKELISTE
- Gode vinterkle
- Vintersko
- Hanskar/vottar
- Hue
- Skibriller eller solbriller
- Kjelke/akebrett om du har*
- Hjelm om du har*
- Klesbyte i tilfelle du blir våt/kald kan også vere lurt.
*Kjelke og hjelm kan også leigast på Loen Skylift:
– Kjelke inkludert hjelm kr 250,-.
– Kun hjelm leige kr 50,-
Du betaler sjølv for evt leige av utstyr. Billettar til skyliften, samt mat og drikke er dekka av Nordfjordkompaniet.
TRANSPORT
Hoven og Loen Skylift ligg i Loen, sjå kartlink her. Bruk nederste parkeringsplass ved fjorden/Fjordshopen.
Vi tek direkte kontakt med dei som har meldt inn behov for skyss.