I læretida var Nordfjordkompaniet èin stor trygghet for meg. Dei støtta meg i det faglege og ga rom for utvikling med ulike kurs og foredrag. Samstundes var dei med på å lage gode sosiale møtepunkt for oss som lærlinger, som igjen ga trivsel og bulyst i Nordfjord!
Iselin Husevåg, Kinn Kommune
For Skogstad er nøkkelen til suksess flinke folk. Nordfjordkompaniet har allereie visst seg svært nyttige til å knytte oss mot unge, nyutdanna og dyktige ressursar. Nettopp derfor er vi medlem slik at vi alltid kan sikre oss vidare framtidig vekst heime frå vårt HQ i Innvik/Stryn der vår 85 år lange historie starta.
Henning Skogstad, Dagleg leiar Skogstad Sport
Det starta med Tonje, ho fekk dominoen til å falle. Sambuaren min fekk seg jobb før meg, ho byrjar i heimetenesta i august. Det går gjerne lettare å få jobb med hennar utdanning. Eg måtte leite litt meir, men etter at eg kontakta Nordfjordkompaniet og kom inn i systemet deira og med det nettverket dei har, så skjedde alt nesten sjokkerande fort.
Joachim Joensen
Historier fra Nordfjord
Bli inspirert til å satse du også!
Ledige jobbar akkurat no!
Det er mange flotte bedrifter som søker tilsette i Nordfjord
Superbedriftene våre
Vi har mange fantastiske superbedrifter fra A til Å som vi samarbeidar med!
Les vårt siste magasin her!
Denne foreldreguiden er ein nyttig ressurs for deg som ønskjer å støtte barnet ditt i valet av utdanning. Gjennom intervju med lokale personar, praktiske tips og inspirerande artiklar, gir guiden innsikt i korleis du kan hjelpe ungdom med å kartleggje sin veg vidare. Frå val av vidaregåande skule til å forstå moglegheiter i høgare utdanning, gir vi deg verktøya for å navigere i ein spennande, men tidvis krevjande periode. Med eit fokus på både faglege og personlege val, kan du bidra til å styrkje barnet ditt si framtidige avgjerdsler og moglegheiter.
Hei på deg!
Vi er Nordfjordkompaniet, og elsker å samle på superkrefter og gjennomføre kjekke tiltak for å gjere Nordfjord suprare.
- Vi støtter ungdom frå barnehage til tidleg jobbkarriere, gjennom samarbeid med bedrifter, kommunar, skular og organisasjonar.
- Gjennom vårt velutprøvde program Superlærling, fokuserer vi på rekruttering, lærlingprogram, nettverksbygging og aktivitetar, gjennom eit inkluderande og dynamisk fellesskap.
Vårt mål er å gjere rekruttering til eit luksusproblem i Nordfjord, og sikre at alle finn sine superkrefter og stortrives i jobbar dei elskar.
Vi har nemlig trua på DEG, og trua på at Nordfjord er den beste plassen å bu og arbeide.