Jørund Leiv Walseth (49)
Rådgjevar ved Firda vgs
Mastergrad i karriererettleiing
Nestleiar i Rådgjevarforum Norge
@karrierekaren på Instagram

Korleis hjelpe ungdom å finne reisa si i livet?

Kvar vart det av dei gode råda om utdanning og yrkesval?
Her er Jørund Walseth sitt forsøk på å svare på det.

Dagens ungdom møter ei verd der moglegheitene kan opplevast som uendelege. På same tid varslar ”clickbait”-overskrifter at robotar vil ta over arbeidsplassane våre. Onkel Jarle kan vere klar på at det er yrkesfag som er vegen å ta. ”Det er der jobbane er!” Naboen Jonas har jobba med hendene i heile sitt yrkesliv – han seier at eg MÅ skaffe meg ei høgare utdanning slik at eg ikkje treng å streve sånn heile livet. Kontaktlæraren seier at eg må følgje interessene mine, medan far og mor seier dei vil støtte meg uansett kva eg vel. Å navigere i dette mylderet av gode råd er ikkje lett. Eg skal likevel prøve å sette ord på nokre perspektiv ein kan ta med seg når ein skal gjere vegval på denne reisa i livet.

Det blir ikkje vanskeleg å få seg jobb i nær framtid!
Det er behov for arbeidskraft i stort sett alle bransjar. Det har lenge blitt formidla at samfunnet treng at ungdom vel yrkesfag, og dette er heilt rett. Men framskrivingar viser omtrent like store behov for arbeidskraft innan læraryrket, sjukepleiarar og mange andre akademiske retningar. Eg besøkte NTNU i Trondheim for ei stund sidan. Forskarar der formidla at det er rekordlåg søking innan teknologiske retningar som krev realfag. Dette skjer samtidig som mange forskarar legg vekt på at teknologi er løysinga på mange av utfordringane vi står ovanfor i samfunnet vårt.

Så ungdom treng ikkje uroe seg for moglegheiter knytt til arbeid.

Arbeidslivet treng deg! Ver optimistisk og håpefull for framtidige jobbmoglegheiter.

Ta helsa di på alvor
Det aller viktigaste for ungdom i dag er å ta helsa si på alvor slik at ein blir arbeidsfør. Det er verdas kjedelegaste råd; men å skaffe seg nok søvn, ete fornuftig, mosjonere og vere i lag med andre fysisk er kjempeviktig. Det å føle seg som ein del av eit fellesskap er rekna som omtrent like viktig som mat og søvn. Så mitt andre tips er å vere bevisst på å oppsøke fysiske fellesskap. Då jobbar ein med kommunikasjon, samhandling og det å forstå andre sine synspunkt, samt forstå seg sjølv i ei sosial setting. Desse kompetansane blir verdsett i arbeidslivet og blir ofte kalla ” soft skills ”.

5 tips fra Jørund om val av utdanning og yrke:

1 Hugs å være på veg
All kompetanse ein skaffar seg har verdi og kan føre deg til neste stasjon på reisa.

2 Det finns ikkje blindgater
Dagens utdanningssystem gir deg høve til å velje på nytt dersom du kjenner at du vil gå ei anna retning. No har du rett til å ta både studieførebuande/ studiespesialiserande og fagbrev!

3 Våg å følgje eigne draumar
60 prosent av dei som tek vidare utdanning på universitet og høgskule har føresette som har teke høgare utdanning. Så prøv å vere merksam på kva slags mekanismar rundt deg som påverkar vala dine. Du kan klare det du bestemmer deg for, sjølv om andre i familien din har valt annleis.

4 Førestill deg framtida di
Ta fram eit ark. Teikn deg sjølv der du er 30 år. Kva vil du ha på plass i livet ditt når du er 30 år? Teikn alt du kjem på. Kva ting skal vere på plass når du er i den alderen? Kvar skal du bygge draumereiret ditt? Etterpå kan du tenke over kva yrker og utdanningar som kan passe inn i det framtidige draumescenariet.

5 Grip moglegheitene

Hugs at livet er fullt av krumspring. Bilbo Baggins seier: ”It’s a dangerous business, Frodo, going out your door. You step onto the road, and if you don’t keep your feet, there’s no knowing where you might be swept off to.”
Prøv å tenkje litt motsett. Du kjem til å få mange moglegheiter i livet. Øv deg på å gripe moglegheitene i staden for å vente på neste stasjon!