Kunne du tenke deg å flytte til Bremanger? Meld deg inn i Heia Nordfjord som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb eller send oss ein e-post på hei@nordfjordkompaniet.no så skal vi ta kontakt med deg🤩
10 millionar grunnar til å flytte til Bremanger
Den store utfordringa alle småkommunar står ovanfor: korleis får vi ung arbeidskraft til akkurat vår kommune? Vårt svar på dette: Vi bruker 10 millionar kroner på tiltak som gjer Bremanger til den beste plassen for unge folk å boltre seg. Heldigvis veit vi kva unge folk vil ha:
Unge vaksne er lei av å leige!
Startkapital er ei stor hindring for draumen om å eige sin eiga heim. Vi gjev derfor 200 000 kr til bustadkjøp, bygging og renovering av eige hus i Bremanger.
Unge arbeidsaktive vil ta meir utdanning!
Å lære er ikkje noko ein vert ferdig med. Studentstova på Igland og den planlagde studentstova i Svelgen er lesesalar og samarbeidsområde likt det ein finn på universitetsbiblioteka, og er ope for alle studentar. I tillegg støttar kommunen sine eigne tilsette i søkja på lærdom.
Unge folk søkjer jobb!
Vi har mange ledige stillingar i kommunen, i mange ulike fagfelt. Finn du ikkje ein utlyst stilling som passar deg? Ta ein prat med oss i kommunen og så kan vi sjå på moglegheitene ilag. Vi har eit tilflyttarkontor i planane, som skal gjere det enklare for oss å «matche» deg med riktig arbeidsplass.
Dette er nokre tiltak som du kan finne i rekrutteringspakken vår. Akkurat no er den spreidd over ein masse kjedelege politiske vedtak, men her arbeider vi med ei løysing: Tidleg i 2025 lanserer vi ein nettstad som gjev oversikt over rekrutteringstiltaka og viser det gode liv i Bremanger.
Vi håper å sjå deg her!